Tekst og foto Fjordenes Tidende
Prosjektleiar Tone Andal har fått to av verdas mest anerkjente gatekunstnarar, nederlendarane Telmo Pieper og Miel Krutzmann, til å kome til Refvik denne veka for å lage eit verk på lensmannshuset. Inspirasjonen er henta frå skipsforlis i området, brannen som råka heile bygda seint på 1800-talet og måten bygda blomstra då den vart bygd opp att.
Dei verdskjende kunstnarane var ikkje i tvil om at dette var ei oppgåve dei ville ta på seg. Dei såg bilete frå Refvik og sa ja med ein gong. Dette ville dei verkeleg vere med på.

Mange undrar seg over bakgrunnen for motiva som er brukte. Her ser vi gam
mal tid som møter ny tid og det er sikkert mange som ikkje kjenner gamle hendingar i bygda si historie.
Mykje av dette er å finne på Raudeberg skule sine sider (samla av Roald Refvik), men eg tek med eit lite samandrag.
I 1858-for 160 år sidan- forliste ein engelsk skonnert lasta med 1200 tønner kveite utanfor nausta i bygda.
Losane ombord var litt ueinige om kvar dei skulle ankre opp og då det vart uvêr frå nordvest om natta, dreiv skipet opp i fjøra og brotna.
Kapteinen var misnøgd med losinga og det han fekk av lasta, og soga seier at han spådde ulykke over bygda. Det skal vere grunnen til tragedia som skjedde 22. august 1872: STORBRANNEN I REFVIK
Det var ein flott sommarsdag der mennene i bygda var ute på sjøen. Nokre timar etter at dei var vekk braut det ut ein storbrann som la heile bygda i oske.
Kvinnene var på åkeren og skar bygg då nokre gutar hadde leika med fyrstikker og høyet tok fyr. Gutane sprang og gøymde seg i staden for å prøve å sløkkje.
Mennene rodde fort til lands, men kunne ingenting gjere. 14 brukarar og 4 plassmenn mista husa sine og i alt 100 menneske mista alt dei eigde.
Det kom inn pengegåver frå fjern og nær ( m.a ei stor innsamling i Bergen), så ny husbygging kom fort i gang og no vart husa bygd rundt på gardane (meir likt som i dag)
Folketalet voks no og ved århundreskiftet var det dobla (209 innb). Veksten kom nok mykje av vegsamband til Raudeberg 1877, Kvalheim 1880 og til Vedvik 1902.
Frå 1890 starta og eksport av laks til USA noko som førte til stimulans for innb. og bygda. Mekanisering og andre reiskap som kom etter brannen var lett å bruke i flate
Refvik og fleire nye bruk kom til. I dag er det ikkje så mange gardbrukarar igjen i bygda, men jordene vert heldigvis halde i hevd av dei som driv gardsbruk endå.

tekst Ingrid Bugjerde
Besøk kunstnerens egen side her http://streetartunitedstates.com/a-mural-about-endurance-by-telmo-miel-in-refvik-norway/ Visit the artist site.