17.MAI 2017 TALE AV INGRID BUGJERDE

 

Gode bygdefolk i Refvik. 

 I dag er det Norge sin bursdag så gratulerer med dagen til dokke alle. For 203 år sidan, 17. mai 1814 fekk vi vår eiga grunnlov som fortel oss om:

 

A statsform (monarki) og religion

 

B utøvande makt, Kongen og den kongelige fam

 

C borgerrett og den lovgjevande makt

 

D den dømmande makt

 

E ein del alminnelege bestemmelsar

 

Utkastet var utarbeidd av Chr. Magnus Falsen (president i Eidsvollsforsamlinga) og J.G Adler. Prins Christian Fredrik vart då valgt til konge av Norge og Danmark, men var det bare eit halvt år.
Norge gjekk då i union med Sverige noko som varte heilt fram til 1905. Etter det har Norge vore ein sjølvstendig rettsstat med demokratiske rettar til alle – eit folkestyre.
Bruken av bunader og andre nasjonaldrakter i dag viser at vi høyrer til i ein nasjonal enhet. Feiringa vår er barne – og folketog, taler, leikar for borna m.m. Viktig for denne feiringa er det norske flagg, kanskje speidarborg, mange festkledde mennesker, hurrarop frå marsjerande born, korpsmusikk og russefeiring. Vi feirar at vi er eit fritt land som er godt å bu i, men vi veit alle at elles i verda vår er det store utfordringar med flukt, svolt og uholdbare busituasjonar.
I 1. verdskrigen var Norge eit nøytralt land og deltok ikkje i krigen. Mange norske ( over 2000 ) miste likevel livet p.g.a. senking av norske handelsskip.
Vi må og ta med at landet vårt den 9.april 1940 vart angrepe av Tyskland og det vart starten på 2. verdskrigen som varte til 7. mai 1945. 

Historiene om krig og fred har alle av oss lært mykje om på skulen, men eg trur ikkje vi er så kjende med dei gamle historiene knytta til fortida i bygda vår. Eg  vil derfor ta dokke med tilbake i bygda vår si historie som og på ein måte er ein viktig del av grunnlova vår som vi feirer i dag. I følge historia er det funne mange reiskap frå steinalderen ( 8000 – 1500 f.Kr.) i Refvik. I den tida sto ulike måtar å dyrke gudane på og sterkt og særleg her langs kysten. Njord-dyrkinga kom frå Europa og nordover til norskekysten og så til Refvik der den fekk stor plass og makt. Njord var sjøfartens og havets gud som rådde for vinden og kunne stille storm og sløkkje eld.   I nærleiken av offerplassen måtte det ligge vatn og det vert sagt at den heilage og svært viktige staden låg nokre meter frå Refvikvatnet.
Det er registrert to store og fleire små ringar som var hauger med grøft rundt. Truleg kom folk frå heile ytre Nordfjord til desse stadane for å påkalle gudane sin godvilje m.a. frukbarhet for dyr og menneske. Seremonimestaren var goden (presten). Han var påakta og budde på Hovsete på Halsør og har etter historia stått for den store gravrøysa ved Røysavatnet. 

Frå 400 f.Kr. til 1100 e.Kr. var Refvik mektig sentrum for bygdene rundt og i vikingtida 800 – 1050 e.Kr. voks Refvik seg stor og her var gjevt å bu.
Bygda hadde stor skatte-evne og var sete for rettsvern og tvistemål. Tingplassen låg omtrent midt i bygda ca. der skulen sto. 

Garden Refvik er funne nemnt i regnskaps- og jordbøker på 1520- talet. Det budde då 7 menn her som skatta og ingen gard i Nordfjord hadde fleire. Innbyggjarane var meir enn vanlege velstandsfolk, men eit stykke ut på 1600-talet var denne velstanden borte og eigarane av garden Refvik var då kongen og St. Jørgens hospital i Bergen. Heilt fram til 1800-talet sat dei som eigarar, men etter det vart bruka løyste ut av dei som budde her og på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet var det fleire utskiftingar.
Ein del hendingar vart veldig viktige for bygda si framtid og ei av dei var STORBRANNEN I 1872
I august dette året var det ein stor brann i bygda som øydela heile garden. Alle husa i bygda som då sto i same tunet (i alt 86 hus) strauk med og 14 gardbrukarar og 4 plassmenn (totalt 100 menneske) miste alt dei eigde. Karane var på sjøen, kvinnene på åkeren og skar korn. Det vart oppretta ei hjelpenemd som på ulike måtar skaffa hjelp til det som trongs, og rike gåver av pengar og varer strøymde inn. Garden blei no utskifta og det vart bygd hus på dei ulike sine gardar. Fram mot 1900 voks folketalet til 209 (nærare ei dobling i høve til 1872.) Ingen andre bygder i kommuna hadde slik vekst og nesten alle vaksne menn dreiv fiske.
I mars 1914 tok er det fyr igjen i ei torvkasse i Isakestova og brannen spreidde seg til løa og fjøsen. Alle utanom ein hund berga seg. Dette var det største bruket i bygda etter utskiftinga og dei hadde ein hest, seks kyr, tre ungdyr, ni sauer og ei geit. i tillegg dyrka dei poteter, havre og bygg.
SKULEGONG
Før 1881 var skulen for Refvik/Vedvik omgangsskule i mange heimar. Her i Refvik var dei i stova til Nilse-Didrik fram til 1879 og så på Bakkane i stova til Pål- Mons. I 1881 vart Refvik/Vedvik slege saman og skulen sto då i Kjerringdalen. Klasserommet var i eit hus med sperrestove med betar der elevane kunne ha armhevingar. I mange år budde og læraren m/familie på lærarrommet og gangen. 
Dette huset gjorde teneste i 21 år, men vart så for lite og nytt skulehus kom i Geilane i 1902 med to klasserom og kammers mellom. Huset var og brukt til møter og festar og ungdomslaget sitt songkor var eit av dei beste i fjorden. Refvik fekk  skulehus og vart eigen skulekrins i 1922. Her gjekk elevane frå bygda fram til 1964 då dei vart flytta til Raudeberg og 17. juni 1994 vart bygget reve etter at ein storm hadde gjort store skader. Tidene endrer seg og aktivitetar og gjeremål med det. Det vart m.a dreve søndagsskule av Frelsearmeen i skulen i 50-60 år der Astrid Olsen Refvik var primus motor,
men etter at nyttårsorkanen øydela mykje av skulehuset og det seinare vart reve var Frelsesarmeen nokre år i Vedvik før det opphøyrde. På eit bilde frå 1976/77 var det over 30 born frå Refvik/Vedvik på desse samlingane.
FOTBALLINTERESSA I REFVIK
Fotball kom tidleg i gong her i bygda. Allereie i 1927 utfordra dei fotballaget i Måløy til kamp og lagdraktene var langbukse, kvitskjorte( nokre i shorts) og til med slips og vest var det nokre som hadde. Bygdegutane frå Refvik var overlegne og i eit referat i avisa sto det at dei hadde trena frå dei heldt mor si i skjørtet og derfor var godt trente. Det var mykje folk på kampane, både jenter, gutar,
kjerringar og gamlekarane. Refvikgutane hadde ein imponerande fart, stor uthaldenhet og god teknikk. Ein av dei eldste på laget då var Isak Refvik 37 år gammal. Sonen hans Karl dreiv på den tida fiske mesteparten av året, men på fotballbana var han ein rask og målfarleg høgreving. At han p.g.a manglande trening etter ein kamp hadde gangsperre i mange dagar er ei anna sak.
På den tida var ikkje markane lov å spele fotball  på, men her hadde dei Refviksanden. Det var bare å sparke av seg skoa og sette opp nokre staurer til mål og sånn fekk dei og gratis fotpleie i tillegg.
Her var mange ungdommar på gardane då, så fotballag kunne stillast, men historia fortel at dei måtte til Vedvik for å  finne målmann.
Under krigen spelte dei mot dei tyske soldatane og møtte då mange gode fotballspelarar. På 50- talet var fleire av spelarane i Refvik med på laget frå Kvalheim, men etter utflytting og at nokre no vart for gamle klarte ikkje Kvalheim å stille lag lenger og dermed vart Tornado skipa. Staden vi no er på- lensmannsjorda- vart seinare kjøpt av kommuna og fotballbana som då vart opparbeidd her vart lenge den viktigaste i kommuna. Refvik stadion vert opna 27/4 1969 og Tornado i 4. div. spelte då opningskamp mot bergenslaget Ny- Kronborg som var 3. div. lag. Det vart tap 1-2 i kampen som var leda av Sverre Heggen og 1000 tilskodarar kransa bana.
HUSET VI ER I I DAG
Ut frå ættesoga til Jakob Aaland:" Nordfjord frå gamledagar til no" som kom ut i 1943 vart den garden vi er på no utskildt frå eit anna bruk i 1863 for 200 spd (39000 kr) Etter at nokre av dei tidl. eigarane drog til Amerika vart Olav ( Daniel Bern) Didrikson Refvik ( 1875 - 1933) eigar i 1901. Han var den fyrste ordføraren i Nord-Vågsøy og dreiv fiskehandel og landhandel i bygda. I 1917 vart han lensmann og var ei periode vararep. for Høgre på Stortinget der han møtte i 1932. Son hans Jakob Nils Sigvald Refvik (1898 - 1974) tok mellomskulen og deretter lærarskulen i Volda. Frå 1922 -1933 var han lærar på Refvik skule og tok deretter politiskulen og vart lensmannsfullmektig og seinare lensmann i Vågsøy. Jakob vart gift med Borghild Hansdatter Kvalheim (1900 - 1990) og dei flytta til Måløy der dei hadde arrestlokale i kjellaren i huset sitt. Garden vart seinare solgt til Vågsøy kommune og 29/9 1968 var Jakob Refvik med på åpninga av Refvik Stadion som neste år har 50- års jubileum.
Det såkalla lensmannshuset som vi er i no vart då m.a nytta til garderobe for fotballaga som trente/ spelte kampar her og mange "store lag" har vore på besøk og skrytt av den flotte beliggenheta. Bygdefolket jobbar no for å ta vare på dette historiske huset sjølv om området no ikkje vert nytta til kampar fo seniorlag lenger. Det har allereie vore gjort ein kjempeinnsats av mange på den gamle lensmannsjorda, men ingen nemnt og dermed ingen glemt. 

I tida framover er det viktig at vi " vert dritgode å spele på lag"  etter sitat frå Bjarte Hjelmeland si tale til kongeparet vårt sine 80- års dagar. Vi må satse på å gjere kvarandre gode i arbeidet vi gjer,
for som på eit fotball- lag " alle kan ikkje gjere alt åleine."  Dei fleste av oss kan yte noko og så får vi sjå stort på at arbeidsfordelinga nok ikkje er 100 %.
Det er bedre å framsnakke enn å baksnakke for at lysta og arbeidsiveren skal vere på topp og her er fortsatt mange oppgåver å ta tak i. Ynskjer dokke alle ein flott dag vidare. 


  

   

HYLLEST TIL HEIMBYGDA MI - REFVIK:
Prolog til  Slektstreffet 17. juli 2004
  Med  Stadhavet  inn ifrå vest,
der stòrbåra bryte mot land
so vakker- i solsjen og blest
og  alltid pynta til fest,
der ligg du, mi heimlege strand.
  Og Refvik er bygda sitt navn,
din makje, vi  àldri ve finnje.
på polljbakkane fekk eg mi havn,
no leve eg i smerte og savn
som utflyttar  på gode minnje
  I generasjona, med innsats og glød,
vart àlt lagt te rette
eg tenkje på dèi  i sjukdom og nød
som slèit for det daglege brød,
so vi kunnje ete oss mette.
  Med grøne markje og frodig hav
heldt du liv i dine,
eg ve takke for àlt det du gav,
du e mèd meg  frå vogge til grav
i tankanje mine.
  På festen i dag, so får vi det kjekt
la oss fèire itte evne,
og; med den største ære og respekt
velkòmmen du èr kjære mi slekt;
te et minnjerikt stevne.
  
Florø/ Refvik, 12.07.04.
Magne Bakke