Refvik mi heimbygd

Tekst: Klara Refvik/Signe Refvik 
Melodi: Sølvin Refvik
Refvik mi heimbygd du er meg så kjær,
i alt det du er ligg du hjarte mitt nær.
Med flater og fjell – med hav og med sand,
slik er mi heimbygd, ein bit av mitt land.
Når stormane rasar og alt står i kok,
då ynskjer eg min heim låg i ein lunare krok.
Her fedrane budde i slit og i kav,
i fjøs og i stove, i båt og på hav.
 Det ofte vart smått når dei tala om lut,
men vona var ny for kvar gong dei drog ut.
Om vegen til kyrkja var strevsam og tung,
dei vandra til fots både gamal og ung.
  Og klokka som lydde så vart kalla inn,
til høgtid og kvild for urolege sinn.
Om dagen var travel og økta var lang,
dei samlast til ungdomslag, møte og sang.
 Og skule dei bygde så stort som eit slott,
 der mang ein revikar sin lærdom har fått.
 Men tidene skifte i smått som i stort,
båten fekk motar, alt skulle gå fort.
  Og hesten som før var så trugen ein dreng,
vart utskift med traktor på åker og eng.
Om leiken kring skulen med kvart stilna av,
vi takkar for alt det som tida oss gav.
  Og kvar gong vi samlast til hyggje og fest,
då ynskjer vi alle velkomne som gjest.
Så lat oss no alle gå hand i hand,
verne om vår bygd, ja, vårt folk og land.
  I alt det vi gjer lat oss vere tru,
då vil det i Refvik bli godt å bu.
Så lat oss no alle gå hand i hand,
verne om vår bygd, ja, vårt folk og land.
  I alt det vi gjer lat oss vere tru.
Ta fatt i dag. Ja, gjer det du.
Men så stilnar det av og alt blir så godt,
takk du min Gud for den heimbygd eg har fått